På bakgrunn av eit samarbeid mellom Arbeidstilsynet og Sjøfartsdirektoratet blei det 29. juni 2000 publisert ei fråsegn som gav havbruksnæringa rettleiing i det mest relevante regelverket frå desse etatane som angår røkting av fisk i havbruksanlegg.

I åra som har gått sidan dette dokumentet blei skrive, har bruken av skip i havbruksnæringa endra seg mykje.

Tidlegare blei transport til og frå anlegga gjort ved hjelp av små, enkle båtar. I dag er det vanlegare å bruke større og meir teknisk avanserte skip til å utføre dei mange oppgåvene knytte til drift av havbruksanlegg.

Samanlikna med det som var vanleg for meir enn tjue år sidan, brukar næringa no altså større og meir teknologisk avanserte sjøgåande fartøy med et operasjonsmønster som må karakteriserast som sjøfart. Innhaldet i fråsegna frå 2000 er difor noko utdatert.