Din handlekurv er nå tom!
Forsvarets bilder fikk flere fagfolk til å reagere på at vaierne som skulle holde KNM «Helge Ingstad» på plass var feilmontert. Forsvaret avviser kritikken.
Se nyhetsmeldingen på www.bt.no
Dei ti festa som skulle halda KNM «Helge Ingstad» hadde ikkje sjanse mot naturkreftene – og kan i tillegg ha vore feilmonterte. Forsvarsmateriell avviser kritikken.
FEIL MONTERING: Bileta frå Forsvaret viser at fleire av klemmene på vaierane var monterte feil veg, meiner Rune Vabø i Munck Cranes.
FOTO: JAKOB ØSTHEIM / FORSVARET
Fleire fagfolk NRK har vore i kontakt med påpeikar at vaierane er feilmonterte.
Ved rett montering skal klemmene sitja same veg. Fleire av bileta som Forsvaret har tatt, viser at klemmene på fleire vaierar er feilmonterte. Boltane skal stå same veg, ifølge Rune Vabø, administrerande direktør i Munck Cranes.
– Det er berre éin måte å montera vaierklemmer på. Alle manualar viser korleis vaierklemmer skal monterast.
Det er ein del av opplæringa og enkel basiskunnskap blant montørar, seier Vabø til NRK.
Han uttalte seg først i Bergens Tidende.
Ved korrekt montering vil trykket frå den stramme enden av vaieren bli fordelt utover eit størst mogleg område. Om klemmene derimot er snudd, vil presset på vaieren auka.
– Er vaieren feilmontert, risikerer du å skada vaieren. Brukar du for få vaierklemmer kan det skapa friksjon, og vaieren kan skli ut og bli dradd gjennom.
Les hele nyhetsmeldingen på www.bt.no
Kommentar fra www.LSI-bok.no
Les mer om endefester og riktig montering av ståltauklemmer i vår siste reviderte utgave 10 – 2018 av Bok 1. Sikker bruk av løfteredskap,