– Det er på det reine at den involverte krana skulle hatt varslingssystem når det køyrast og krana står oppe.

Det seier Runar Hauge, seksjonsleiar for avdeling for tilsyn i Arbeidstilsynet, til NRK.

Runar Hauge, Arbeidstilsynet
Runar Hauge er seksjonsleiar for tilsyn i Arbeidstilsynet.

FOTO: NRK

31. juli omkom ein sjåfør då lastebilen hans køyrde med krana oppe og inn i ein gangbru i Olsvik i Bergen. Betongelementet fall ned på førarhuset.

Etter ulukka opplyste arbeidsgjevaren til sjåføren i ei pressemelding at både lastebilen og krana var godkjende og i god teknisk stand.

Til NRK har arbeidsgjevar opplyst at krana har varsling på støttebeina, men at det ikkje var installert såkalla høgdevarsel på kranarmen. Vedkomande stadfestar dette på ny, men har ikkje ønska å kommentere denne saka ytterlegare.

Etter to vekers arbeid i fagavdelinga si, kan Arbeidstilsynet no slå fast følgande for kranbilar som er importert og bygd etter 2012:

– Det skal vere sensorar som varslar. Ei åtvaring som er synleg og høyrbar frå manøverposisjon skal angi om krana er riktig plassert, seier Hauge.

Undersøker ansvarsfordeling

Arbeidstilsynet opplyser at den aktuelle kranbilen er ein 2014-modell.

– Burde ikkje fabrikken ha installert varslingssystem?

– Vi er i ferd med å undersøke korleis dette heng saman. Bilen skulle hatt varslingssystem. Arbeidstilsynet legg til grunn at det er arbeidsgjevar som i utgangspunktet har ansvaret for å sikre at bilen har det den treng, seier Hauge.

Les hele nyhetsmeldingen HER på nrk.no