Treft av gjenstand som løsnet fra kran – mann i 60-åra omkom

Ein mann omkom i ei arbeidsulykke ved verftet Green Yard Kleven i Ulstein på Sunnmøre.

Stor kran ved Green Yard Kleven i Ulstein. Det var i samband med ein løfteoperasjon det skjedde ei arbeidsulykke der ein person omkom
ULYKKE: Ein person omkom i ei arbeidsulykke ved verftet i Ulstein kommune.

FOTO: ARNE FLATIN / NRK

 

Politiet i Møre og Romsdal melde om ulykka rundt 13.30 torsdag.

Ifølge politiet skal ulykka ha skjedd i samband med ein heisoperasjon.

– Det vi veit er det har vore ein løfteoperasjon på ei mobilkran som står på ei kai på verftet. Ein gjenstand har falt ned og skal ha treft vedkomande. Det resulterte i at han omkom på staden, seier Jens Dahl, operasjonsleiar i politiet.

Politiet blei varsla om hendinga 11.30. Den omkomne skal vere ein mann i 60-åra frå Sunnmøre. Pårørande er varsla.

Les mer om dødsulykken på https://www.nrk.no/

Skroll til toppen