Toppmeny

Kran fall ned i Florø – førar vart treft i ansiktet av krankablar

FALL NED: Krana fall ned på Fugleskjærskaia.

FALL NED: Krana fall ned på Fugleskjærskaia. Foto: Liv Standal / Firdaposten

20. juli 2019, kl. 18:07

Vaken og bevisst

– Kranføraren er ein mann i 50-åra. Han kom seg ut utan alvorlege skader, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Vedkommande vart sett til av lege som kom til staden i ambulanse. Ifølge Rebnord var kranføraren vaken og bevisst, men han hadde blødde frå eit kutt i hovudet etter ulykka.

Ulykka skal ha skjedd under container-lossing frå skip. Kranarmen losna og fall deretter ned på skipsdekket og kaien. Ifølge politiet vart kranføraren då treft i ansiktet av krankablar.

Les mer om ulykken på www.firda.no