Pliktig HMS-opplæring: To timar på kurs – og utlært?

Nettet er fullt av tilbod om HMS-kurs – av vekslande varigheit og til ulike prisar. Mange er seriøse, men ein del har ingen annan funksjon enn å sikre kunden eit papir på kunnskap dei knapt kan ha fått.

– Når Arbeidstilsynet er på tilsyn, spør vi ofte etter dokumentasjon på at arbeidsgivar og verneombod har gått gjennom den lovpålagte HMS-opplæringa. Somme tider blir vi presenterte for kursbevis frå kurs som er så korte at dei neppe er i stand til å formidle den kunnskapen som er naudsynt for at partane skal kunne jobbe systematisk med arbeidsmiljøet, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet. Ho håpar og trur at arbeidsgivarar flest er i stand til å skilje mellom tilbod som grensar til svindel og seriøse kurs. 

– På nettet er det mange tilbod om opplæring – somme seriøse, og somme med heller tvilsamt innhald.

Trude Vollheim oppfordrar derfor alle som er i marknaden for å kjøpe HMS-kurs til å undersøke om kva dei får. Særleg skal dei vere merksame på at mistenkeleg korte kurs neppe kan innehalde det dei treng for å jobbe med helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen.

Les hele nyheten på www.arbeidstilsynet.no

Se demo på våre lærerike E-læringskurs om HMS og Løfteredskap på www.Lsi-bok.no

Skroll til toppen